Lignende stillinger
PPT har 10 fagstillingar med entusiastiske og motiverte tilsette. Tenesta er utviklingsorientert og jobbar gjennom variererte arbeidsmåtar. Kompetanseløft for <<Spesialpedagogikk og inkluderende praksis>> står sentralt i PPT og våre 3 samarbeidskommunar saman med implementering av ny Opplæringslov.
Me ønsker oss ny medarbeidar som kan bidra til samarbeid og støtte til skulane og barnehagane for å gje eit inkluderande opplæringstilbod.
Me søkjer etter pedagogisk-psykologisk rådgjevar, i fast 100% stilling.
Eininga er i ein omorganiseringsprosess, noko som kan gjer at innhaldet i stillinga kan verta noko endra i oppgåve og ansvar. Dette vil vera avklart før endeleg tilsetting i stillinga.
Oppgåvene i PP-tenesta er:
Utvikling og endringsarbeid i barnehagar/skoler
Sakkunne arbeid etter opplæringslova/ barnehagelova
Konsultasjonar, veiledning og rådgjeving
Observasjon, kartlegging og utredning av barn og unge
Samarbeid med føresette, barnehagar, skular og andre hjelpeinstansar
Fast kontaktperson i barnehage og/eller skule
**Me ser etter ein fagperson med fylgjande kvalifikasjonar: **
Master innafor eit av dei spesialpedagogiske fagområda
Erfaring med arbeid i barnehage og/eller i grunnskulen
Erfaring og kompetanse med rådgjeving og rettleiing er ei føremon
Interesse og/eller erfaring med utviklings- og endringsarbeid
Systematisk og sjølvstendig
Jobbar godt saman med andre
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personleg eignaheit vil verta vektlagt.
Noko reiseverksemd mellom våre tre kommunar må påreknast, så førarkort er naudsynt.
Me kan tilby:
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar Birthe Blokhus 92064415