Lignende stillinger
Ørsta vidaregåande skule har ledig 100% lærarstilling innan automasjon-/elektrofag. Vi søker deg som har engasjement for faget ditt, og som ynskjer legge til rette for at det vert utdanna nye fagpersonar. Det er viktig at du likar å arbeide med menneske, og å legge til rette for ungdomar si læring og utvikling.
Stillinga er primært knytt til undervisning innan elektrofag. Vi søker etter kompetanse innan automasjon, men det kan også vere aktuelt med annan elektrofagleg bakgrunn. Ved Ørsta vidaregåande skule har vi vg1 tilbod innan Elektro/datateknologi, vg2 tilbod innan Automatisering og Elenergi/ekom, og vg3 tilbod innan Automasjon. Kompetanse til den som vert tilsett vil avgjere kva område som er mest aktuelt. Om du er kvalifisert i andre fag kan det også bli aktuelt med undervisning på andre avdelingar.
Skulen har eit sterkt og godt fagmiljø innan elektro, som den som blir tilsett vil bli ein del av. Skulen er opptatt av at alle elevane våre skal ha eit godt og trygt læringsmiljø, og utvikle seg som fagpersonar innan aktuelle yrkesfaglege område. Det å tilrette for eleven si utvikling og læring opplever vi som eit meiningsfullt og gjevande arbeid. Som kollega ved Ørsta vidaregåande skule vil du verte del av eit arbeidsfellesskap med stor og komplementær kompetanse innan fagleg- pedagogisk arbeid, og som du får dra nytte av i eiga utvikling som lærar.