Bremanger brann og redning har ledig to deltidsstillingar som brannkonstabel ved brannstasjonen i Svelgen. Bremanger brann og redning er organisert med fem brannstasjonar og tre depot, og har om lag 55 deltidsmannskap. Alle mannskapa i Bremanger brann og redning har plikt til å bere radio.
Arbeidsoppgåver
Deltidsbrannkonstabelen vert utkalla ved brann/ulukke etter behov. Det er krav til ca. 8 øvingar à 3 timar pr. år. Brannkonstablane ved Svelgen stasjon er utan fast vaktordning, men har plikt til å bere radio og møte på utalarmeringar så sant dei har høve.
Kvalifikasjonar
- Arbeidsstad og bustadadresse innanfor rimeleg tid frå brannstasjonen
- Må oppfylle fysiske og medisinske krav til røykdykking
- Førarkort kl B.
- Skriftleg godkjenning frå hovudarbeidsgjevar
- Vere villig til å gjennomføre nødvendig opplæring/kurs som brannsjefen pålegg
- God samarbeidsevne og fleksibilitet
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg
Ynskjeleg:
- Førarkort klasse C og utrykkingsførarkort kode 160 for køyring av brannbil
- Fyrstehjelpskompetanse
- Bakgrunn innan beredskap, redning og tryggleik.
Aktuelle søkjarar må gjennomgå helsesjekk og fysisk test før tilsetjing.
Den som får stillingane må legge fram helse- og politiattest.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale ogvKLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
Kontaktinformasjon
Robert Endestad, Leiar for brannberedskap, +47 90124335
Arbeidsstad
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 4862020251
Stillingsprosent: 1%
Fast
Søknadsfrist: 10.01.2025