Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Idrettspedagog, vikariat 100%, frå 01.02. - 31.08.2025

Rehabiliteringssenteret AiR AS

,
Vikariat
Privat
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Vår profesjon:

AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse bidra til at deltakarar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.

AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.

Me ser etter desse kvalifikasjonane:

  • Søkjarar må ha minimum 3-årig relevant bachelorutdanning; interesse og erfaring frå idrettsfagleg arbeid og gjerne erfaring frå helsevesen eller tilsvarande

  • Gjerne erfaring med komplekse problemstillingar tilknytt helse og arbeid

  • God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande tverrfagleg miljø

  • Interesse for undervising og gruppeprosessar, gjerne pedagogisk bakgrunn

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

  • Vilje til å gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog

  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Arbeidsoppgåver:

  • Leie variert fysisk aktivitet med eit pedagogisk utgangspunkt (til dømes trening i sal, friluftsliv, basseng og spinning)

  • Individuell rettleiing, undervising og tilrettelegging i grupper

  • Bidra med observasjonar inn i det tverrfaglege teamet

  • Gjennomføre kartlegging - og oppfylgingssamtaler

  • Kontaktperson

  • Kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte

  • Formidle kontakt med lokale frisklivstiltak i deltakarars heimemiljø

Me tilbyr:

  • Ein interessant og triveleg arbeidsplass, med stor aktivitet og engasjement

  • Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.

  • Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering

  • Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30

  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår

  • Hjelp til å skaffe møblert bustad

For meir informasjon, kontakt:

Leiar klinikk, Siri Mørch på tlf. 474 63 408, e-post [email protected]

Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/