Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Prorektor for utdanning

Høgskulen på Vestlandet

Bjørnsonsgate 45, 5528 HAUGESUND
Åremål
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Høgskulen på Vestlandet har ledig åremålsstilling som prorektor for utdanning i perioden 01.08.2025-31.07.2029

Høgskulen på Vestlandet søkjer no prorektor for utdanning i ei fireårig åremålsstilling med tiltreding 01.08.2025.  

Vi ser etter ein inspirerande, samlande og framtidsretta leiar som vert ein pådrivar for å realisere HVL sin strategi for utvikling av utdanningsfeltet. Du har ein sterk utdanningsfagleg profil, dokumentert leiarerfaring og solid kunnskap om universitets- og høgskulesektoren. 

Prorektor for utdanning får på vegne av rektor eit strategisk ansvar for utviklinga av høgskulen sine utdanningstilbod på alle nivå. Prorektor skal vere ein pådrivar for at utvikling og fornying av studietilbod, studiekvalitet og læringsmiljø er i samsvar med høgskulen sine strategiar og vedtak. 

Det ligg til prorektor for utdanning sitt ansvar å vidareutvikle system og rammer for utdanningskvalitet som støttar opp under fakulteta sitt arbeid med kvalitetsutvikling av utdanningane. Utvikling av læring og undervisning for tilsette og studentar utgjer ein viktig del av dette ansvaret. 

Prorektor har sitt mynde delegert frå rektor og er ein del av rektor si leiargruppe. Prorektor for utdanning sitt samla ansvar skal utøvast i tett samarbeid med fakulteta. Prorektor har medansvar for heilskaplege vurderingar for å realisere høgskulens strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.

Du har ein sterk motivasjon for bidra i å vidareutvikle høgskulen som ein viktig regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsaktør med høg kompetanse. Ditt leiarskap bidrar til at studentar og tilsette ved HVL har eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø, med ein felles organisasjonskultur der demokrati og medverknad er ein viktig del av identiteten og styreforma.


Prorektor har følgjande arbeidsoppgåver og ansvar:

  • Strategisk utvikling av HVL si utdanningsverksemd
  • Bidra i ekstern posisjonering av HVL som kunnskapsaktør   
  • Eige og utvikle system og rammer for utdanningskvalitet og studieadministrasjon
  • Eige og utvikle system og rammer for utvikling av etter- og vidareutdanning (EVU)
  • Eige intern teknologiutvikling på utdanningsadministrative område og i undervisninga
  • Ta del i og utvikle fruktbare samband mellom utdanning, forsking og nyskaping
  • Ta del i og utvikle campus som arbeidsplass, studiestad og nyskapingsarena
  • Ta del i og utvikle det utoverretta samspelet med samfunns- og arbeidsliv i regionane 

Til stillinga som prorektor ligg også administrativt ansvar for personale, drift og utvikling innan eige funksjonsområde. Dette ansvaret omfattar god utnytting av ressursane og høg kvalitet på tenestene, og innsikt i dei krava som vert stilte til gode administrative tenester.  

Prorektor for utdanning har det overordna leiaransvaret for dei fellesadministrative tenesteområda utdanningskvalitet, studieadministrasjon og utvikling av læring og undervisning.

Prorektor kan få ansvars- og arbeidsoppgåver ut over det som står i utlysinga.

Det er forventa at prorektor for utdanning vil vere synleg ved alle våre campus. Det må påreknast ein del reiseverksemd. 

Mynde 
Mynde i stillinga er delegert frå rektor, og prorektor rapporterer til rektor.


Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapeleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå 
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor stillinga sine ansvarsområde 
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt

Generelle kompetansekrav:

  • Ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • God innsikt i høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette 
  • God pedagogisk kompetanse og god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar 
  • Erfaring frå og solid kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå og kjennskap til profesjonar og praksisfelt som HVL femner om er ein føremon 
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • God innsikt i og erfaring frå å forløyse potensialet i digitale løysingar 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk 

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv 
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt 
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering 
  • Løysings - og utviklingsorientering 
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar 

Arbeidsstad er ein av høgskulen sine campus i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord.


Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som prorektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 0214. Løn etter avtale.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.  Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.


Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.