Lignende stillinger
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande.Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Avdeling for medisinsk mikrobiologi, avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank og avdeling for patologi er tre av fem avdelingar i Klinikk for diagnostikk. Klinikken omfattar alle laboratoriefaga og radiologi, og har eit sterkt fokus på kvalitetsarbeid.
Det er behov for ferievikarar ved følgande seksjonar i perioden f.o.m. veke 23 t.o.m. veke 33:
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Ferievikarar kan måtte rekne med å delta i avdelinga si vaktordning. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.