Lignende stillinger
Giske kommune har ledig vikariat for fastlege frå 16.06.2025 - 15.06.2026. Det kan også vere aktuelt å inngå avtale om vikariat for delar av perioden.
Listestorleik 950 og 10 % kommunal deltidsstilling som tilsynslege ved sjukeheim er knytt til vikariatet.
Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for ALIS.
Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett dagleg leiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario.
Vi har erfarne spesialistar i allmennmedisin som rettleiarar for ALIS. God moglegheit for løpande supervisjon og rettleiing i tillegg.
Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Kvinnelege legar blir oppfordra til å søkje.
Andre opplysningar: