Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Barnehagelærar/pedagogisk leiar i Tokke kommune

Oppvekst, Tokke kommune

Storvegen 60, 3880 TOKKE
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Tokke kommune har ledige stillingar, vikariat og faste, som barnehagelærar/pedagogisk leiar frå 15.08.25. 
Omfang av stillingar kjenner ein fyrst etter hovudopptaket.   
Andre med relevant utdanning/høgskuleutdanning kan òg søkje.  

Tokke kommune har sett fokus på  fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar.  
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt – betre tverrfagleg innsats (BTI). 
Barnehagane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande barnehage for alle, og ha eit godt miljø med mange aktivitetar for borna.  
Frå hausten 2023 vart barnehagane i Tokke «Liv og røre barnehagar».  
Mål: Fremje helse, trivsel og inkludering som grunnlag for læring og livsmestring. Dette gjennom fysisk aktivitet / bevegelseglede og kosthald /matglede 

Tokke har fire barnehagar. Tokke kommune treng barnehagelærar/pedagogisk leiar i fylgjande barnehagar: 

Dalen barnehage   
Dalen barnehage er bygd for 108 plassar og stod ferdig november 2013, og kan by på store, luftige areal inne og ute. Det er for tida 57 barn i barnehagen.  
Ynskjer du meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Mona Båtnes, e-post: [email protected] eller mob.: 959 01 112 

Høydalsmo barnehage   
Høydalsmo barnehage har eksistert i mange år, men nytt barnehagebygg med 2 avdelingar sto ferdig i august 2022. Barnehagen rommar i dag 29 barn.
Ynskjer du meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Dagny Skjelbreid, e-post: dagny.skjelbreid @tokke.kommune.no  mob.:     476 62 420 

Åmdals Verk barnehage                                              Åmdals Verk barnehage har for tida  9 barn. Det er totalt 4 tilsette (inkludert styrar) med ei ressursramme på 308%. 
Ynskjer du meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Kristine Berthelsen,  e-post: [email protected]  mob.: 410 21 563  

Byrte barnehage 
Byrte barnehage er en 1 avdelings barnehage med plass til inntil 12 barn. Det er totalt 3 tilsette (inkludert styrar) med ei ressursramme på 235%.     Ynskjer du meir informasjon kan ein ta kontakt med kommunalsjef for oppvekst, e – post: [email protected]  mob. 97171406 


Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning.  Andre med relevant utdanning/høgskuleutdanning kan òg søkje. 
  • Krav om norsk kunnskapar, etter barnehagelova §28. 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Vera engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg. 
  • Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringar.
  • Vera ansvarsbevisst og sjølvstendig.   

Me tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.
  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar. 

 

Andre opplysningar:

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.  
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt barnehageår, vil ein nytte same søkjarliste. 

Me i Tokke kommune er opptekne av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Me tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.   
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Kontaktinformasjon

Tone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406

Arbeidsstad

Storvegen 60
3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tokke kommune

Referansenr.: 4926494303
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2025