Lignende stillinger
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 190 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Stend vidaregåande skule har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan Yrkesfagleg grunnutdanning, Arbeidstrening og Kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak
Denne stillinga er knytt til HTH avdelinga ved skulen.
Støtte elevane si læring og trivsel ved å bidra aktivt til deira faglege og sosiale utvikling gjennom heile skuledagen.
Arbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å meistre eit mest mogleg sjølvstendig liv som vaksne.
Gjennomføre aktivitetar og læringsøkter i tråd med pedagogiske planar.
Samarbeide tett med lærarar, miljøarbeidarar og leiar for å nå pedagogiske mål.
Følje elevar på TIV (Tilsynsordninga for vidaregåande skue).
Vi søkjer personar med kompetanse og erfaring frå arbeid retta mot barn og ungdom med samansette utfordringar.
Du har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse.
Du trivst med å arbeide i team, samstundes som du evnar å jobbe sjølvstendig.
Du er tålmodig, raus, tydeleg og strukturert.
Du er fleksibel og løysingsorientert, og handterer uventa endringar i arbeidskvardagen på ein god måte.
Du er positiv, lærevillig og har eit godt humør.
Vi legg vekt på at du er engasjert og personleg eigna for stillinga.
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Stend er ein arbeidsplass med med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Anne-Kjersti Lien, avdelingsleiar, 41673710
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4977600673
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 12.06.2025