Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Senior- og junior prosjektkontrollar

Leirvik AS

Storhaugvegen 130, 5416 STORD
Fast
Privat
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Leirvik AS søkjer ein senior og ein junior prosjektkontrollar.

Ønskjer du ei utfordrande rolle innan prosjektøkonomi i eit innovativt og framtidsretta miljø? Då kan dette vere jobben for deg!
Vi ser etter både ein erfaren senior prosjektkontrollar og ein ambisiøs junior prosjektkontrollar til vårt team. Som del av Leirvik AS vil du jobbe tett med prosjektteamet for å sikre god økonomisk styring og kontraktsoppfølging.

For senior prosjektkontrollar: Vi ser etter deg med erfaring innan prosjektøkonomi og god kjennskap til offshore-/NS-kontraktar. Du vil ha ei nøkkelrolle i prosjekt- og tilbodsarbeid, bidra til strategiske beslutningar og vidareutvikle metodar og verktøy i avdelinga.

For junior prosjektkontrollar: Dette er ei spanande moglegheit for deg som har noko erfaring innan økonomistyring og ønskjer å utvikle deg vidare i prosjektøkonomi. Du vil få ansvar for analyser, oppfølging og støtte i prosjektgjennomføring, med gode moglegheiter for læring og vekst.


Arbeidsoppgåver

Prosjektarbeid
Kommersielt ansvar i prosjekt
Oppfølging av økonomi og kontrakt i prosjektet
Identifisera og følgje opp endringar, avvik og risikoar
Rapportering
Fakturering

Tilbodsarbeid
Utarbeida tilbodskalkylar
Evaluera kontraktsutkast frå kundar

Øvrig
Bidra til utvikling og forbetring av metodar, verktøy og rutinar for avdelinga

Ynskja kvalifikasjonar

  • Minimum 3 år teknisk og/eller økonomisk utdanning (høgskule/universitet)
  • For senior: Minimum 5 års erfaring innan kost- og kontraktsoppfølging på større prosjekt (offshore-/NS kontrakter)

Personlege eigenskapar

  • Analytisk med god forretningsforståelse
  • Gode samarbeidsevner
  • Likar å jobbe i team
  • Initiativrik og informasjonssøkjande
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Gode formuleringsevner
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar - muntleg og skriftleg

Me tilbyr

  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø i "Leirvik-familien"
  • Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaer
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av ansattaksjar
  • Gode pensjons- og velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Kjell Arne Halleraker, SVP Project Support, +47 909 25 437
Stine Eide Halleraker, Senior HR-rådgivar, +47 934 84 910

Arbeidssted

Storhaugvegen 130
5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Leirvik AS

Referansenr.: 4926460516
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.04.2025