Jobbe.ai har byttet navn til Lønna! 🎉

Lignende stillinger

Stillingsannonsen er inaktiv

Nettverksingeniør kjernenett

Integrasjon, Helse Vest IKT

Professor Olav Hanssens vei 7A, 4021 STAVANGER
Fast
Offentlig
Heltid
Søk nå
Maksimer intervjusjansen din
✨ Generer jobbsøknad

Helse Vest IKT leverer IT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit. 

Seksjon for datakommunikasjon har no ei ledig stilling innanfor området kjernenett. Som del av teamet vil du jobbe med automatisering, dagleg drift av kjernenett, DNS og DHCP, samt feilsøking saman med dyktige kollegaer.

Vi kan tilby spennande oppgåver i teknisk drift i eit av dei største datanetta på Vestlandet. Helse Vest IKT leverer nett for over 30 000 sluttbrukarar, og har ein variert utstyrsdatabase. Team Kjernenett arbeider med teknologiar basert på løysingar frå blant anna Cisco og EfficientIP.

Arbeidsstad er i Bergen, Stavanger, Haugesund eller Førde.


Arbeidsoppgåver

  • Drifte og vidareutvikle kjernenettverket i Helse Vest
  • Drifte og vidareutvikle DNS- og DHCP-løysingane i Helse Vest
  • Vedlikehald av RIPE LIR- og NORID-register
  • Automatisere løysingar knytt til nettverket og støttesystema våre.
  • Bidra til utvikling av self-service-løysingar og integrasjonar mot andre system
  • Kontinuerleg utvikling av løysingane til Helse Vest, og tett samarbeid med andre fagområde
  • Feilsøking og 3. linjesupport innanfor nettverksdrift, samt optimalisering av eksisterande infrastruktur
  • Kunnskapsdeling
  • Endringshandtering, oppgradering og vedlikehald (ITIL)
  • Andre påkommande oppgåver innan fagområdet

Kvalifikasjonar

  • IT-utdanning på universitets-, høgskule- eller fagskulenivå
  • Erfaring med drift av nettverk og IT-infrastruktur
  • God kunnskap om DNS og DHCP
  • Kunnskap om scripting/utvikling og automasjonsløysingar er ein føremon (til dømes Ansible, Terraform, Python eller tilsvarande)
  • Kunnskap om BGP, MPLS og OSPF
  • Relevante sertifiseringar tel positivt
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du tek initiativ, og planlegg og prioriterer dine arbeidsoppgåver
  • Du er ikkje redd for å utveksle eigne idear og er villig til å sjå på alternative måtar å produsere tenestene våre på
  • Du tek ansvar for dine fagsystem og hjelper ved høve til når det oppstår naudsituasjonar utanfor normal arbeidstid
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er flink til å dele kompetanse
  • Du er sjølvgåande, og har eit ønske om å vere oppdatert og vidareutvikle infrastrukturen
  • Du har fokus på gode løysingar
  • Du evnar å jobbe i tverrfaglege team
  • Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:

  • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Andreas Espelid, Seksjonsleiar, +47 41476552

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 4965373963
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.05.2025